
Bøgrend er ....
... ei lita bygd i Vinje kommune i Telemark. Bygda ligg mellom Åmot og Haukeli, og tel omlag 70 innbyggarar.
18. juni 2012
I samarbeid med Hengekøyemannen (ChillBill) lagar me hengekøyehotell på festivalcampen i år. Festivalcampen ligg på Attistog-jordet rett ovanfor bensinstasjonen, og er inkludert i festivalpasset. Les meir og sjå bilete her!
17. juni 2012
Lyst til å vera med å arrangere Noregs kanskje mest eksklusive festival? Bøgrend Autofest treng fleire mekanikarar!
15. juni 2012
I år har me teke bensinstasjonkonseptet fullt ut! Plakatdesignar Morten Stoltz Vernegg har teke utgangspunkt i design av gamle motorolje-etikettar, og laga eigne logoar for kvar artist på festivalen. Sjå den fantastiske plakaten her!
10. juni 2012
Endeleg kan me presentere komplett program for Bøgrend Autofest 2.-4.august! Dei siste artistane på lista er Katzenjammer, Odd Nordstoga med band, Solo Cissokho, Streifenjunko, Ottar Kåsa & Daniel Sandén Warg og Balkan Beat Party med Dj Prinsen Paulista. Sjå komplett program her!
10. juni 2012
No slepp me dei siste fire artistane ute av sekken. Katzenjammer kjem til den nedlagte bensinstasjonen og gjer ein av særs få Noregskonsertar i sumar, i tillegg kjem improduoen Streifenjunko, den senegalesiske koraspelaren Solo Cissokho og Balkan Beat Party med Dj Prinsen Paulista!
5. mai 2012
Her kan du høyre musikken til årets artistar på Bøgrend Autofest! Du finn spelelista både i Wimp og Spotify. Sjekk den ut her!
4. mai 2012
Peter Berry & The Shake Set er ei gruppe med utgangspunkt i den britiske beat-sjangeren frå tidleg på 60-talet, og er kjend for sine energiske konsertar. Fredag 3. august inntek dei verkstadhallane i Bøgrend!