- Musikalsk magi frå Senegal

 

Me er svært stolte å kunne presentere den en musikalske trollmannen Solo Cissokho på Bøgrend Autofest i sumar. Med sin 21-strengs kora, sterke song og sitt smittande humør er han ein musikkformidlar av høg klasse!

Solo er frå Senegal, men har budd i Noreg sidan 1995. Han hører til griotane frå minoriteten Mandinka-folket, og desse har i omlag tusen år formidla sitt folks historie, og er i dag leverandørar av melodiar til mykje av populærmusikken i det vestlege Afrika. Solo har eit enormt reportoar og tilfang av musikk frå dette området, og er ein av verdas fremste utøvarar innan griot-tradisjonen.

Ein konsert med Solo er eit rytmekalas, med heilsprø strengeleikog smektande og melodiøse vokalparti. Du vert rett og slett i godt humør av denne mannen! I 2003 vann han BBC Awards for World Music saman med den svenske felespelaren Ellika Frisell, og i tillegg har denne karen spelt med store artistar som Youssou N’Dour, Ali Farka Toure og Touré Kunda.

Her heime er han nok mest kjend for det banebrytande plateprosjektet ”Frå Senegal til Setesdal” (1997) med Kirsten Bråten Berg, Kouame Sereba og Bjørgulv Straume. Han har også gjeve ut plater med sitt eige band Cissokho System. Men til Bøgrend kjem han, naturleg nok, heilt åleine!

 

SJÅ OG HØYR SOLO CISSOKHO