- fengande sjangerfyrverkeri

 

Dette bandet lagar ei energisk blanding av pop, folk, country og karneval –  med balkanrytmer og balalaikabass! Gjennom fleire hundre konsertar dei siste åra har Katzenjammer fått ei trofast tilhengarskare over heile verda. I sumar kjem dei til Bøgrend!

I bandet finn du Anne Marit Bergheim, Marianne Sveen, Solveig Heilo og Turid Jørgensen, som kvar for seg vekslar på kva for instrument dei spelar, og har som mål å spele instrument dei ikkje har spelt på før. Og i sumar er det nok fyrste og siste gong du får sjå det blir spelt på ein balalaikabass i Bøgrend!

Dei fire medlemane gjorde seg for alvor kjend på den norske musikkscena i 2008 då dei gav ut debutalbumet Le Pop, med låta ”A Bar In Amsterdam” som vart utsett for tung radiospeling same sumaren. Seinare i 2008 vart dei spellemann-nominert som årets nykomar. Etter dette har dei nærmast kontinuerleg vore på turné.

I fjor haust kom andrealbumet A Kiss Before You, og her leverte bandet eit fyrverkeri av ei plate, med tolv fengande poplåter med lirekasse-lydar, balalaika-bass, munnspel, mandolin og frekke koringar! Plata fekk gode mottakingar, og no vert albumet lansert ute i Europa.

Nyleg selde dei imponerande 100 000 av album i Tyskland, og bandet er kanskje større i verdas største land, utlandet, enn i Noreg. I sumar spelar dei nærmare 30 konsertar rundt om i Europa, men berre svært få i Noreg. Gjer deg klar for ein eksklusiv Katzenjammer-konsertar i Bøgrend torsdag 3. august!

 

SJÅ OG HØYR KATZENJAMMER