– Gnistrande Telemarkspel

 

Ottar Kåsa frå Arabygdi i Vinje kjem til Bøgrend Autofest for å syne prov på at det framleis finst glimrande unge felespelarar frå denne delen av fylket.

Lange og mange dagar med felespel i Myllarstoga der han lærde slåttar av sumarguiden Lars Underdal i ungdommen, førte til slutt til at Ottar vann Landskappleiken i klasse A, hardingfele i 2011! Han var også den fyrste som tok i mot Eckbo Legaters Folkemusikkpris for unge utøvarar i 2001.

Ottar er for tida busett i Bø der han virkar som spelemann og hardingfelemakar på heiltid. Han er inspirert av mange spelemenn og spelstilar, både i Telemark og elles i landet. Blant dei viktigaste er Eivind Mo, Olav Løndal, Bjarne Herrefoss og Buen-spelemennene. I tillegg nemner han Gunnulv og Halvor Borgen som viktige førebilete for spelet sitt.

I sumar kjem han med si fyrste soloutgjeving på ta:lik records, og mer gler oss til å høyre plata og få han på plass på auoten!

 

SJÅ OG HØYR