- sylskarpe slåttar frå Setesdal

Denne svensken vart så fascinert av Setesdals-slåttar at han flytta til Rysstad og lærde både slåttane óg dialekta. I dag er han ein av dei viktigaste formidlarane av Setesdals-tradisjonen på hardingfele og munnharpe, og kjem til Bøgrend for å presentere slåttar av beste slag!

Daniel kjem frå Østersund i Sverige, og spelar både hardingfele, fele, munnharpe, gitar og nykkelharpe. Saman med Magnus Stinnerbom starta han folkemusikkgruppa Harv, som han framleis spelar i. Gjennom Stinnerbom fekk han høyre opptak av Setesdals-spelemannen Torleiv H. Bjørgum frå Setesdal, og tente då heilt på dette slåttematerialet. Han gjorde  så eigne opptak av slåttane, og sendte desse til storspelemann Hallvard Bjørgum som vart så imponert at han inviterte Daniel til Setesdal. Rundt 1998 flytta han til Setesdal, der han framleis bur.

Daniel har ein unik musikalitet og evne til å ta til seg det karakteristiske slåttespelet. I løpet av tida i Setesdal har han lærd seg detaljrikdommen, skalabruken og spilleteknikken som var spesielt for mykje av det lokale slåttespillet i området. Dei fleste av slåttane har han lært direkte av spelemann og læremeister Hallvard T. Bjørgum, og andre viktige inspirasjonskjelder har vore Andres K. Rysstad og Torleiv H. Bjørgum.

Som frilansmusikar er han felespelar i bandet til Odd Nordstoga, og saman med felespelar Per Anders Buen Garnås har han duoprosjektet Warg / Buen. Han har óg eit samarbeid med munnharpespelar Sigurd Brokke som saman har gjeve ut platene Rammeslag og Rammeslag II. I tillegg er han kvalifisert for eliteklassa, klasse A, i hardingfele på Landskappleiken.

Til hausten er han aktuell med soloutgjeving, og i Bøgrend får du høyre smakebitar frå denne!

SJÅ OG HØYR