Her finn du informasjon om det du treng å vite om Autofesten. Om du lurar på noko, send ein e-post til bogrendauto@gmail.com


BILLETTAR

 

Førehandsalet er betre enn nokon gong, så du gjer lurt å kaupe billett på førehand. Billettsalet gjeng føre seg gjennom billettservice.

NB I: I år kan alle skrive ut billettane heime.

NB II: Arrangementet har 20-års aldersgrense.

VIKTIG: Festivalpassa og laurdagspassa er utseld. Det er no berre att pass til torsdag og fredag.

 

DAGSPASS: 400,- eks. billettavgift

 

> KAUP BILLETTAR HER

 


OVERNATTING

 

OVERNATTING PÅ BREIHJOT
Vinje Grendelag leiger ut enkel overnatting på Breihjot, 500m frå festivalområdet! Her er godt utstyrt kjøkken (inkl vaffeljern!, oppvaskamskin og steikeomn), toalett og vaske-servantar, veranda og fint grøntområde til disposisjon. God parkeringskapasitet. Ta med sovepose og liggeunderlag. 500,- for tre nettar. Ta kontakt med Anne Jannicke Lie (annejannicke@telefiber.no) for meir informasjon.

FESTIVALCAMP
Det vert festivalcamp ca 100 meter fra bensinstasjonen. Her kan du sette opp telt, lavo etc. Festivalcampen ligg på Attistog-jordet rett ovanfor bensinstasjonen, og er inkludert i festivalpasset.

I samarbeid med Hengekøyemannen (ChillBill) lagar me hengekøyehotell på festivalcampen i år. Me heng opp om lag 10 herlege hengekøyer på campen i år, der folk kan slappe av, la humla suse og duppe av i sola!

GROVEN CAMPING (Åmot)
Ligg omlag 10 km unna festivalområdet. Her er det mogleg å leige hytter, men også camping.
http://www.grovencamping.no/

SVALASTOG (Grungedal)
Desse hyttene ligg nokre kilometer unna festivalområdet.
http://visitsvalastog.no/svalastog.php?id=6

 

Her finn du ei liste over stader å overnatte i meir eller mindre nærleik av festivalen. http://www.visitrauland.com/Overnatting

 

REISE

 

Haukeliekspressen køyrer frå Oslo og Bergen, til Åmot / Bøgrend. Oslo Rutetider finner du på www.nor-way.no.

TRANSPORT – (UNDER FESTIVALEN)

Vinje Taxisentral: 35 07 22 00
Tokke Taxisentral: 909 71 909

 

KART / FESTIVALOMRÅDET

 

Bøgrend ligg omlag 10 min køyring frå Åmot, og omlag 25 min køyring frå Haukeli. Både i Åmot og Haukeli er matbutikkar etc.
Her ser du eit kart over Bøgrend Auto & omegn. Her ser du mellom anna festivalcampingen merka av.

Bøgrend Auto – Mjonøy & omegn

 

Festivalområdet