
Bøgrend var....
...tidlegare kommunesentrum i Vinje kommune, før kommunesamanslåinga med Rauland i 1964.
23. februar 2012
Blåmann Blåmann, Shining, Amund Maarud, Sandra Kolstad, Mari Kvien Brunvoll, Death By Unga Bunga og Koppen står på scenen i Bøgrend i sumar!
Bøgrend Autofest vart arrangert for fyrste gong i 2010, og i fjor tok artistar som Stein Torleif Bjella, Jonas Alaska, Captain Credible, Gammalgrass og Stian Westerhus turen til Bøgrend. No kjem det nytt besøk til bygda.
- Me skal gje folk musikk dei ikkje veit dei likar, og programmerar festivalen etter det. For oss er det viktig å skape kontrastar i programmet, slik at publikum får seg nokre reale overraskingar i løpet av festivalen, seier festivalsjef Eivind Kaasin.
Spesielt i år er konserten med folkemusikkgruppa Blåmann Blåmann med Odd Nordstoga i spissen. 10 år etter dei la prosjektet på hylla held gruppa ein eksklusiv konsert i verkstadhallen.
- Blåmann Blåmann har vore ein viktig døropner på den norske folkemusikkscena. I år lot det seg endeleg gjere å få til ein konsert, og me er veldig stolte av å kunne presentere denne gjengen på autofesten.
I tillegg til Blåmann Blåmann inntek metalbandet Shining, bluesartisten Amund Maarud, jazzsangeren Mari Kvien Brunvoll, popartisten Sandra Kolstad, rockebandet Death By Unga Bunga og hiphop-gruppa Koppen verkstedhallen i Bøgrend i sumar.
- Dette er berre byrjinga, og me har fleire artistar igjen før me er i mål med programmet. Men me har ein makskapsistet på 400 publikummarar kvar kveld, så det vert rift om plassane, avsluttar Kaasin.
I tillegg til konsertar vert det bingoshow med Bingokongen Ronny Haugland, som til vanleg held bingo på utestaden Blå i Oslo.
Årets festival vert arrangert 2. – 4. august, og billettsalet er allereie i gang. Førebels er det kun lagt ut 150 festivalpass for sal.
Blåmann Blåmann
Shining
Amund Maarud
Sandra Kolstad
Mari Kvien Brunvoll
Death By Unga Bunga
Koppen
NB: Det er lagt ut 150 festivalpass til 720,- + billettavgift. Når desse vert utseld vil prisen auke noko på dei neste 250 festivalpassa.